NY

Goto main content
Logo-banner
IMG 2479

A brief report from the CRISP/SEEBED research cruise

The research cruise for CRISP and the SEEBED project is soon over. We are now on Tromsøflaket, the spring sun is here and the mood is good. Cruise leader Aril Engås (or "the conductor" as I call him) has hearded "the cats" on board the research ship G.O. Sars fairly successfully, but now I think he has to sleep for a few days. (Story in Norewgian only).

Published 31.05.2016 - Updated 31.05.2016

Båten, maten og mannskapet har vore fantastiske, og jeg trur neppe noko anna farty i verda hadde kunne utført det vi har fått til saman på dette toktet.

CRISP-prosjektet har skifta trål og dører oftere enn ordførarar skifter meining etter eit val. Karane på dekk har vore i oljebuksa dag og natt. Likevel smiler dei og bøter trål og fortel artige historier frå siste landlov. På brua, der ”G.O. Sars” har nokre med krigsskulen i tråling, og dei er heller ikke vonde å be når Malanie Underwood (PhD-student på CRISP) vil nesten skrape botnen med pelagisk trål. Trålane har vore tunge av tensorar og videokamera for å observere fiskeåtferd, og Jan Tore Øvredal har stødig køyrt Focus-farkosten over trålen med kamera og scanningsonar i alle tenkjelege posisjonar. Så snart fisken er om bord har Hildegunn og Anne kasta seg over torskar som er like store som dei sjølve og målt både lengder og bredder nede i fiskeprøverommet.

For CRISP-prosjektet kan dei ulike forsøka kan oppsummerast kort:

Fangsteffektivitet på stor fisk (Melanie), återdsstudier med kamera og DEEPVISION (Scantrol)
Utprøving av styrbare tråldører (Egersund/Simrad)
Utprøving av nye trålauge og mange andre trådlause målarar (Simrad, Thor Bærhaugen)
Utprøving av høgfrekvent ADCP inne i trålen for å kartleggja finskala straumar og turbulensfelt inne i trålen (HI/Nortek/Simrad, Melanie Underwood, Egil Ona, Thor Bærhaugen)
Utprøving av nytt fangsbegrensning-system for kommersielt fiske (HI/FiskDir, Olafur Ingolfsson og Dagfinn Lilleng)

Alle har fått gode forskningsdata hovudsakleg på fiskeslaga sei og torsk, og eigne rapportar frå kvart tema blir laga etter toktet.

På SEEBED-prosjektet har Gavin Macaulay, Egil Ona og Rolf Korneliussen prøvd å måle om det nye ekkoloddet EK80, som nyttar nye prinsipp i signalbehandling, kan måle botnfisk nærmare botn enn andre typer ekkolodd, for eksempel det som står om bord, Simrad EK60.

Vanlege ekkolodd som sender berre ein frevens, har problem heilt nede ved botnen i den såkalla dødsona. Her inngår både strålebredde og pulslengde i reknestykket, og begrensningane på måling av botnfisk er rimeleg godt beskrive tidlegare. Med super oppløysning nær botn, ved at ekkohøgda er redusert frå 0.75 meter til om lag 0.05 meter, så kan vi "plukke" enkelfisk lettare ut av botnen enn før. Sidan målingane på to typar ekkolodd samtidig, med annakvart ping (multipleksing), så er det lett å samanlikne datene i LSSS-systemet.

Vidare har vi etter full kalibrering utført direkte samanlikningar mellom dei to ekkolodda, slik at sluttresultatet skal bli det samme i framtida, når lodda blir skifta ut. Dette er ein del av kvalitetsikringsarbeidet ved Havforskingsinstituttet, for oss og resten av brukarane ute i verda.

Innimellom har vi også målt svært nær botnen med nedsenkbar probe, slik at vi med 4 stk EK80-ekkolodd verkeleg kan finne ut kor mykje fisk som står heilt nede ved botnen. Her vil vi, sjølv om buken på ein torsk står på botnen, registrere den fordi symjeblæra, som gir hovedekkoet frå fisken, likevel står 3-8 cm over botnen, på ryggsida. Flotte bilete frå slike forhold er innsamla her.

Utanom hovudformålet med toktet har vi også registrert mykje raudåte og krutåte på høgfrekvensane og teke prøver av dette, og nokre få stimar av gytande sild og lodde som staurkvalen har gassa seg med. Masse liv i sjøen med andre ord, og få plassar i verda er då vakrare enn Tromsøflaket i mars, med vårlys inne i Tromsalpane, og fisk på dekk.

Helsing Egil Ona, mannskapet på G.O. Sars, CRISP og SEEBED-gjengen